Theater am Schiffbauerdamm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neues Theater am Schiffbauerdamm, slik bygningen såg ut ikring 1908.
Neues Theater am Schiffbauerdamm, interiøret i 1912.

Theater am Schiffbauerdamm i området Berlin-Mitte i i Tysklands hovudstad Berlin er ein gamal og tradisjonsrik teaterbygning som no vert nytta av Berliner Ensemble, som har hatt denne bygningen som si hovudscene sidan 1954. Bygningen er i nybarokk stil, og vart opna 19. november 1892 under namnet Neues Theater. Bygningen vert rekna som ein av dei prektigaste teaterbygningane i heile Tyskland, og er no verna. Han vart teikna av arkitekten Heinrich Seeling.

Opphavleg hadde teaterbygningen adressa Schiffbauerdamm 5, ettersom han låg i ei gate langsetter høgre breidda av elva Spree) som har namnet Schiffbauerdamm. Men seinare fekk teaterbygningen adressa Bertolt-Brecht-Platz 1. Bertolt-Brecht-Platz er ein plass attmed bygningen, namngjeve etter den tyske forfattaren og teatermannen Bertolt Brecht, skiparen av Berliner Ensemble.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]