Theodor Fontane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theodor Fontane

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 30. desember 1819
Neuruppin
Død

20. september 1898 (78 år)
Berlin

Yrke farmasøyt, skribent, lyrikar, historikar, omsetjar, romanforfattar, journalist, kritikar, teaterkritiker, krigskorrespondent, librettist
Medlem av Tunnel über der Spree
Far Louis Henri Fontane
Mor Emilie Louise Fontane
Ektefelle Emilie Fontane
Born Friedrich Fontane, George Fontane, Martha Fontane, Theodor Fontane
Signatur
Theodor Fontane på Commons
Theodor Fontane (1890)

Henri Theodore Fontane (30. desember 181920. september 1898) var ein tysk forfattar, diktar og journalist. Han skildra den livet og verdinormene til den berlinske middelklassen i romanane sine frå 1880- og 1890-åra, og blir rekna som den førande romanforfattaren innan naturalismen i Tyskland, og som ein av dei viktigaste tyske forfattarane.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fontane var fødd inn i ein hugenottisk familie i Neuruppin i Brandenburg. Han var son av apotekaren Louis Henri Fontane. Etter fullført gymnas utdanna også han seg til apotekar. Samtidig byrja han å skriva, og den fyrste novella hans, «Geschwisterliebe», blei gjeven ut i 1839. Han byrja også å skriva for ulike aviser. Etter å ha arbeidd ved apotek i ulike byar i dagens austlege Tyskland flytta han til Berlin i 1845. Han deltok kort i den tyske revolusjonen 1848/49.

I 1849 gav han opp apotekaryrket og blei journalist og forfattar på heiltid. I 1850 gifta han seg med Emilie Rouanet-Kummer (1824–1902). Paret fekk sju barn frå 1851 til 1864, berre fire levde opp. I 1851 blei Fontane tilsett i den konservativ-pietistiske Kreuzzeitung (eigentleg Neue Preussische Zeitung) og jobba frå 1852 òg for bladet Centralstelle für Preßangelegenheiten. Fontane blei Storbritannia-ekspert. Sidan 1844 hadde han reist fleire gongar til Storbritannia, og var korrespondent i London i perioden 1855-1859. Etter eit regjeringsskifte i det prøyssiske kongehuset 1858, håpa han på ei politisk liberalisering, gav opp korrespondentjobben sin og flytta tilbake til Berlin. I tillegg til jobben ved Kreuzzeitung byrja han å skriva reiseskildringar frå heimeområdet sitt Brandenburg. Slike skildringar var populære på denne tida.

Krigskorrespondent og forfattar[endre | endre wikiteksten]

Den siste romanen til Fontane, Der Stechlin (1899).

Fontane slutta i Kreuzzeitung i 1870, og var deretter teaterkritikar for den liberale Vossische Zeitung. Likevel tok han ferie i 1870 for å dekka den fransk-prøyssiske krigen 1870/71. Han blei tatt til fange og mistenkt for spionasje. Etter intervensjon frå rikskanslaren Otto von Bismarck blei han sett fri. Tidlegare hadde han allereie vore krigskorrespondent under den andre slesvigske krigen 1864 og den austerriksk-prøyssiske krigen 1866.

Dei fyrste «litterære» tekstane hans var ein serie med Wanderungen durch die Mark Brandenburg, ein kåserande tekstsjanger med minne, anekdotar og observasjonar frå hans eige barndomsmiljø. Tekstane inneheldt òg skildringar av landadelen i den gamle tida og embetsmenn som «overlevninger fra en annen tid» som gjorde at han etter kvart fall i unåde hos dei han skildra.[2]

Etter fleire reiser med kona til Austerrike, Italia og Sveits (1874-76) byrja han i ein alder av 57 år å skriva det han sidan skulle bli mest hugsa for, nemleg romanar. Han slutta som journalist i Vossische Zeitung, og deretter kom utgivingane tett heilt fram til han døydde. «En slik forsinket litterær karriere er ikke så sjelden nettopp på denne tiden da tysk litteratur syntes å tvile på seg selv. Men for Fontane var forsinkelsen dobbelt heldig; som romanforfatter kunne han dra nytte av iakttagelser han hadde gjort og livskunnskap han hadde ervervet seg gjennom mange år på reiser og som journalist.»[3] Både debutromanen Vor der Sturm (1878, ‘Før stormen’) og Schach von Wuthenow (1883) var historiske romanar frå tida kring Napoleonskrigane , og særleg i den fyrste var vekta lagt på folkelivsskildringa.[2][2]

Kvinneskildringa Effi Briest, som kom ut som føljetong 1894-95 og i bokform i 1896, blir vanlegvis sett på som hovudverket hans. Utruskapssoga i Effi Briest inngår i eit gjentakande tema i fleire av samtidsromanane hans: L'Adultera (1882), Cécile (1887) og Unwiederbringlich (1892, ‘Uoppretteleg’). I romanen Frau Jenny Treibel (1892) skildrar han dei nyrike i Berlin med humor og ironi.[2][4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fleire av romanane hans er filmatiserte fleire gongar, særleg Effi Briest og Frau Jenny Treibel.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Geschwisterliebe'', 1839
  • Wanderungen durch die Mark Brandenburg, 1862-82
  • Vor dem Sturm, 1878
  • Grete Minde, 1880
  • Elternklipp, 1881
  • Schach von Wuthenow, 1883
  • L'Adultera, 1882
  • Graf Petöfy, 1884
  • Unterm Birnbaum, 1885
  • Cécile, 1887
  • Irrungen, Wirrungen, 1888
  • Stine, 1890
  • Quitt, 1891
  • Unwiederbringlich, 1892
  • Frau Jenny Treibel, 1892
  • Meine Kinderjahre, 1894
  • Effi Briest, 1896
  • Die Poggenpuhls, 1896
  • Der Stechlin, 1899
  • Mathilde Möhring, 1906 – ufullendt, posthum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bernt Olsson og Ingemar Algulin. Litteraturens historia i världen. Stockholm. Norstedts, 1990. ISBN 91-1-943422-7
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Claude David. «Tysk litteratur». I: Verdens litteraturhistorie; bind 9; Naturalismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
  3. Claude David. «Tysk litteratur». I: Verdens litteraturhistorie; bind 9; Naturalismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
  4. «Theodor_Fontane» i Store norske leksikon, snl.no.