Theodorid II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Theodorid II
08-TEODORICO.JPG
Fødd 426
Død

januar 466
Toulouse

Yrke overhode
Theodorid II på Commons

Theodorid eller Theoderik II var konge over Vestgotarane, og sat frå 453 til 466. Han var son av Theodorid og bror av Thorismund. Han vart etterfylgd av Eurik.

Theodorid heldt fram feida med romarane i styringstida si. I 455 vart den romerske keisaren Valentinian III drepen, og Theodorid freista å nytte høvet til å kåre sin eigen keisar, Avitus. Med hjelp frå Avitus vann visigotane endeleg Arles, som hadde vore på romerske hender til då. Theodorid heldt òg fram med kampar i Spania mot andre germanarfolk, med romersk hjelp. Han freista mellom anna på å gå mot vandalane, som var i nordre Afrika på den tida. Desse hadde nett plyndra Roma. Han streva òg med svebarane, som meinte dei hadde rett på Spania.

Theodorid vart drepen av broren Eurik i 466. Eurik tok kongsmakta etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]