Theophania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theophania

Statsborgarskap Austromarriket
Fødd 960
Konstantinopel
Død

15. juni 991
Nijmegen

Yrke monark
Far Konstantinos Skleros
Mor Sophia Phokaina
Ektefelle Otto II av Det tysk-romerske rike
Theophania på Commons

Theophania (fødd 956 i Konstantinopel, daud 991 i Nimwegen) var keisarinne av Det tysk-romerske riket. Etter at mannen hennar, keisar Otto II, døydde, var ho regjerande keisarinne i sju år på vegner av den mindreårige sonen sin, Otto III.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kven foreldra hennar var er ukjend, men ein mogleg teori er at far hennar var Konstantinos Skleros (bror til tronkrevjaren Bardos Skleros) og mora av Sophia Phokaina (niese til keisar Nicephoros II og svigerinne til Tzimisce).

Ho blei send som brur til Otto etter ein avtale mellom Det tysk-romerske riket og Austromarriket. Otto I hadde bede om ei gresk prinsesse til sonen sin, og då Theophania kom hadde ho med seg mykje rikt gods og mange folk slik ei prinsesse skulle. Likevel var ho ikkje den ein hadde ønskt seg, i følgje krønikeskrivaren Thietmar. Ho var nemleg ikkje eit dotter av den bystantiske keisaren, men blir i ekteskapskontrakten skildra som neptis, niese eller barnebarn, av keisar Johannes I Tzimiskes.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Relieff frå 982-983 av keisar Otto og Theophania som blir krona.

Den greskfødde prinsessa blei gift med keisar Otto II av Det tysk-romerske riket den 14. april 972 av pave Johannes XIII, og blei krona til keisarinne same dag. Ho følgde ektemannen på alle reisene hans. Kranglar mellom Theophania og svigermora Adelheid førte til at Otto fjerna seg frå mor si.

Dei to fekk desse borna:

  1. Sophia, abbedisse i Gandersheim, f. 978
  2. Adelheid, abbedisse i Quedlinburg, f. 977
  3. Mathilde av Sachsen, f. 978
  4. Otto III, tysk-romersk keisar, f. 980
  5. Ei tvillingsyster til Otto som døydde før 8. oktober 980

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Etter at Otto II døydde uventa den 7. desember 983 let Theophania den tre år gamle sonen sin kronast til keisar til jul. Som regent for han gav ho ut ordrar i sitt eige namn.

Våren 984 bortførte grev Henrik II av Bayern Otto, men blei tvungen til å gje guten tilbake til mora. Støtta av biskopane Willigis av Mainz og Hildebald av Worms regjerte Theophania fram til ho døydde i 991. Ho blei gravlagd i kyrkja til den heilage Panteleimon i Köln.

Sarkofagen til Theophania i Köln.

Etter at Theophania døydde overtok bestemora til Otto III, Adelheid av Burgund, styringa av riket de facto til barnebarnet blei gammalt nok til å styra sjølv.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det var mange som ikkje likte Theophania. Mellom anna fortel abbeden Odilo av Cluny at Adelheid var svært glad då «den greske kvinna» døydde. Albert av Metz skildra henne som ulikande og snakksaleg. Ho blei skulda for å ha teke med seg luksusklede og smykke til Tyskland. Men Thietmar meinte at ho, trass i å høyra til det svake kjønnet, var måtehalden, klok og til å stola på, og trass i vera gresk hadde gode manerar. Ho verna kongsmakta til sonen og var vennleg mot ærlege folk, men slo hardt ned på opprørarar, skreiv han i krønikene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Davids, A. The Empress Theophano : Byzantium and the West at the Turn of the First Millennium, 1995. [1]