Thomas Barth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Barth

Fødd18. mai 1899
Bolsøy kommune
Død25. mars 1971
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdemineralogi, petrografi, geokjemi, pegmatitt, feltspat
Yrkemineralog, geolog, professor, kjemikar, geokjemiker
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetet i Leipzig
University of Chicago
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnFredrik Barth
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Thomas «Tom» Fredrik Weiby Barth (fødd 18. mai 1899 på Bolsøy (i dag i Molde), død 25. mars 1971 i Oslo) var ein norsk mineralog, krystallograf, petrograf og geolog. Han var far til Fredrik Barth.

Han tok doktorgraden i 1927 og arbeidde ved Universitetet i Leipzig frå 1927 til 1929, då han flytta til Geophysical Laboratory i Washington D.C.. Her var han fram til 1936. Frå 1937 til 1946 var han professor ved Universitetet i Oslo, og frå 1946 til 1949 professor i geokjemi ved University of Chicago. Han flytte då heim att og vart bestyrar ved Mineralogisk-geologisk museum i Oslo, fram til 1966.

Barth var ein internasjonalt særs engasjert forskar med særleg interesse for korleis bergartar oppstår. Han gjekk inn for granittiseringsteorien og utarbeida ein metode for bruk av feltspata til å avgjere kva temperatur bergartane oppstod under. Læreboka hans Theoretical Petrology (1952), vart omsett til mange språk og nytta over heile verda.

Det står ein byste av professor Barth i Mineralogisk-geologisk museum i Oslo, utført av bilethoggaren Arne Durban.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Die Pegmatitgänge der kaledonischen Intrusivgesteine im Seiland-Gebiete (doktoravhandling), DNVA Avh. I 1927 nr. 8, 1927
  • Kalk- und Skarngesteine im Urgebirge bei Kristiansand, i Neues Jahrbuch für Mineralogie B.B. 57A, 1928, s. 1069–1108
  • Die Entstehung der Gesteine. Ein Lehrbuch der Petrogenese (saman med C. W. Correns og P. Eskola), Berlin 1939 (opptrykk 1970)
  • Island, 1941
  • Volcanic geology. Hot springs and Geysirs of Iceland, Washington D.C. 1950
  • Theoretical Petrology. A textbook on the origin and the evolutiuon of rocks, New York 1952 (2. utg. 1962)
  • Feldspars, London 1969

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Thomas Fredrik Weiby Barth» i Store norske leksikon, snl.no.