Arne Durban

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Durban
4778 Arne Durban.jpg
Fødd 16. juni 1912
Kragerø kommune
Død

18. mars 1993

Yrke bilethoggar, biograf

Arne Durban (16. juni 191218. mars 1993) var ein norsk bilethoggar frå Kragerø som forma i ein naturalistisk stil. Han er særleg kjend for sine mjuke skulpturar av kvinner, barn og dyr og ei lang rekke portrettbyster.

Durban studerte møbeldesign ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo og åra 1933-36 skulptur på Kunstakademiet under Wilhelm Rasmussen. Han debuterte på Høstutstillinga i 1933.

Durban, som var busett i Oslo, utførte ei rekke offentlege arbeid. Han er representert med verk i 30 norske byar, først og fremst bronseskulpturar, men også utsmykkingar hogd i granitt, til dømes ved Oslo Rådhus. I mange år var han kunstkritikar i Morgenbladet. Han skreiv fleire bøker om biletkunst og kunstnarar, mellom andre om ei om Kaare Espolin Johnson som kom ut i 1979.

Arne Durban og kona hans oppretta Nini og Arne Durbans astmafond. Fondet er delvis knytt til Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) og har ein grunnkapital på over tretti millionar kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arne Durban