Thomas Schönlebe
Thomas Schönlebe | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 6. august 1965 (57 år) Frauenstein |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Thomas Schönlebe (fødd 6. august 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Frauenstein som tevla for Aust-Tyskland til 1991, sidan for Tyskland. Han vann gullmedaljen på 400 meter under VM 1987 i Roma.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Schönlebe melde seg i verdseliten på 400 meter allereie som 18-åring. Han kvalifiserte seg til finalen på distansen under friidretts-VM i Helsingfors, der han vart nummer seks. Ettersom Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984 i Los Angeles deltok han ikkje i eit nytt stort meisterskap før enn i 1986. Under EM i friidrett 1986 kjempa han og briten Roger Black drabeleg om EM-tittelen på 400 m, med 44,53 sekundar vann Black løpet med ein margin på seks hundredelar, personleg rekordar for begge.
Året etter vart Schönlebe verdsmeister på 400 m under VM i Roma, Tida 44,33 sekundar var ny europarekord og er det framleis i 2014. Fire år etter storoppgjeret mellom Black og Schönlebe under EM 1986, kjempa dei same to utøvarane like tett på 400 m under friidretts-EM 1990 i Split. Black forsvarte EM-tittelen med fem hundredels sekund betre tid enn Schönlebe.
Schönlebe var austtysk meister på 400 m 1983-85 og 1987-88, samt tysk meister 1992-93. Han la opp i 1997.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 1983 i Helsingfors: Nr 6 på 400 m – 45,50
- EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 400 m – 44,53, bakom Roger Black (44,59)
- VM 1987 i Roma: Gullmedalje på 400 m – 44,33, framom Innocent Egbunike (44,56)
- OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 400 m (44,90 – nr 9)
- EM 1990 i Split: Sølvmedalje 400 m – 45,13, bakom Roger Black (45,08). Bronsemedalje 4x400 m stafett
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje 4x400 m stafett
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Thomas Schönlebe» frå Wikipedia på tysk, den 6. november 2014.