Thorleif Høilund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorleif Høilund
Fødd16. mai 1891
Død1969 (77 år)
Statsborgar avNoreg

Thorleif Høilund (16. mai 18911969) var ein norsk jarnarbeidar og politikar frå Oslo som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1928 til 1933.

Høilund var son til ein blekkslagarmeister. Sjølv var han sjømann frå han var 15 til 17 år gammal. Sidan gjekk han tre år på den kommunale middelskolen, før han var elev på Den tekniske aftenskolen. Der etter arbeidde han 1909-19 på kjelavdelinga til Thunes mekaniske Verksted og i kranavdelinga hos Chr. Wisbech A.S. Ei tid dreiv han den mekanisk verkstaden og smia som firma Sandberg & Høilund.

Høilund busette seg i Bærum og var heradsstyremedlem i Bærum i tida 1922-33. Dei to valperiodane 1928-30 og 1931-33 var han stortingsmann for Arbeidarpartiet, i den fyrste perioden hadde han sete i Tollkomiteen og i den andre i Helsekomiteen.

Etter han gjekk ut av Stortinget var Høilund frå 1934 smed og mekanikarlærar på Falstad skolehjem på Ekne i Nord-Trøndelag til 1939.

Under andre verdskrigen vart han arrestert 2. oktober 1943 og sat på Grini frå 2. november 1943 til 8. mai 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi