Thunderstruck av Erlend Bratland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Thunderstruck»
Singel av Erlend Bratland
Land Noreg
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Joy Deb, Linnéa Deb og Erlend Bratland

«Thunderstruck» (engelsk for Mållaus) er ein singel av Erlend Bratland.[1] Songen er skriven av Joy Deb, Linnéa Deb og Erlend Bratland.[1] 21. januar 2015 vart ein del av songen offentleggjort av Norsk rikskringkasting i ein presentasjonsvideo på 15 sekundar, laga i samband med Melodi Grand Prix 2015.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2015[endre | endre wikiteksten]

21. januar 2015 vart «Thunderstruck» presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2015, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[1] Songen vart framførd på engelsk av Erlend Bratland med Kringkastingsorkesteret.[1][2] Bidraget vart mellom dei fire beste i finalen, og gjekk vidare til gullfinalen der det enda på andreplass.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Erlend Bratland». Norsk rikskringkasting. 21. januar 2015. Henta 29. januar 2015. 
  2. «Fra Abba til MGP 2015: Anders Eljas leder GP-KORK.». escNorge. 25. februar 2015. Henta 26. februar 2015. 
  3. Simon Storvik-Green. «Mørland & Debrah Scarlett take the Norwegian flag to Vienna!» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 18. mars 2015.