Thwaitesbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thwaitesbreen
isstraum
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 75°30′S 106°45′W / 75.500°S 106.750°W / -75.500; -106.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Thwaitesbreen
75°30′S 106°45′W / 75.5°S 106.75°W / -75.5; -106.75
Thwaitesbreen is located in Antarktis
Thwaitesbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Thwaites Ice Shelf

Thwaitesbreen er ein uvanleg brei og rask isbre i Antarktis som flyt ut i Pine Island Bay i Amundsenhavet, aust for Mount MurphyWalgreen Coast i Marie Byrd Land. Overflatesnøggleiken er meir enn 2 km/år nær midtlinja og den raskaste flytande isen ligg mellom 50 og 100 km aust for Mount Murphy. Han vart namngjeven av ACAN [1] etter Fredrik T. Thwaites, ein glasiolog, geomorfologist og professor emeritus ved University of Wisconsin–Madison.[2] Thwaitsbreen har vorte nøye overvaka på grunn av potensialet for at han kan medverke til auka havnivå i verda.

I lag med Pine Island-breen er Thwaitesbreen skildra som ein del av eit «svakt underlag» i Den vestantarktiske innlandsisen fordi det verkar å vere stor fare for at dei trekkjer seg attende. Denne hypotesen er basert på både teoretiske studiar av stabilieten til marine innlandsisar og nyare observasjonar av store endringar hos begge desse isbreane. I nyare år har snøggleiken til isstraumane auka kraftig, overflata har vorte lågare og staden der dei tar ned i botnen har trekt seg attende.

I 2011 vart det samla inn geofysiske data under flyturar over Thwaitesbreen av forskarar ved at Columbia University’s Lamont-Doherty Earth Observatory som synte ein 700 meter høg rygg som er med på å ankre fast breen og som faktisk har vore med på å hindre ytterlegare auke i brefarten. Studien synte at kunnskap om topografien på havbotnen er viktig i å føresei korleis desse isbreane vil oppføre seg i framtida.[3]

Thwaites bretunge[endre | endre wikiteksten]

Isfjellet B-22 braut av frå Thwaites bretunge

Thwaites bretunge eller Thwaites istunge er kring 50 km brei og stadig kortare på grunn av iskalving. Han vart første gong skissert frå flyfoto under Operasjon Highjump i januar 1947.

Den 15. mars 2002 rapporterte National Ice Center at eit isfjell kalla B-22 braut laus frå istunga. Dette isfjellet var kring 85 km langt og 65 km breitt, med eit areal på kring 5 490 km². I 2003 hadde B-22 brote sundt i fem stykke, og B-22A var framleis i nærleiken av tunga, medan dei mindre bitane hadde drive lenger vest.

Thwaites isfjelltunge[endre | endre wikiteksten]

Thwaites isfjelltunge var ei stor isfjelltunge som sat fast i Amundsenhavet, kring 32 km nordaust for Bear Peninsula. Isfjellet var kring 112 km lang og 32 km brei og i januar 1966 låg han berre 5 km nord for Thwaites bretunge. Han bestod av isfjell som hadde brote laus frå Thwaites istunge og gjekk på grunn. Han vart skissert av USGS frå flyfoto samla under Operasjon Highjump og Operasjon Deepfreeze.[4] Han vart først observert i 1930-åra, en reiv seg til slutt laus frå istunga og braut opp i mindre bitar seint i 1980-åra.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thwaites Glacial TOngue». Geographic Names Information System. United States Geological Survey. Henta 29. januar 2014. 
  2. «Thwaites Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey. Henta 29. januar 2014. 
  3. http://www.earth.columbia.edu/articles/view/2904
  4. «Thwaites Iceberg Tongue». Geographic Names Information System. United States Geological Survey. Henta 29. januar 2014. 
  5. Reynolds, Larry (4 March 2000). «Where a cold tunge isn't». Teachers Experiencing Antarktis. Arkivert frå originalen 7. oktober 2008. Henta 16 June 2009. 
  6. Lucchitta, B.K.; Smith, C.E.; Bowel, J.; Mullins, K.F. (1994). «Velocities and mass balance of Pine Island Glacier, West Antarctica, derived from ERS-1 SAR». Pub. SP-361. 2nd ERS-1 Symposium, Space at the Service of Our Environment, Hamburg, ein tysky, 11–14, Oct. 1993 Proceedings. s. 147–151.