Tidsfaktorøkonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tidsfaktorøkonomi er eit økonomisk system, der skatt likesom løn står i proporsjon til den tida som eit arbeid krev. Dette forholdet skil tidsfaktorøkonomi frå dei fleste andre økonomiske system, der andre faktorar enn tidas gang ligg til grunn for utrekning av skatt. På seinare tid har den svenske oppfinnaren Karl Gustafson laga ei grundig utgreiing av systemet, men allereie den tyske økonomen Silvio Gesell huste tankar om ein tidsfaktorbasert økonomi. 1976 leverte den svenske folkepartisten Anders Gernandt et forslag til Sveriges riksdag om å innføre tidskatt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidsfaktorøkonomien går ut frå føresetnadene om at dei notidige økonomiske systema grunnar seg på forhold som ikkje er til gunst for alle som må etterleve dei, og at ulempene med desse system kunne rydjast unna, viss økonomien var grunna på naturlovene. I samsvar med prinsippa i tidsfaktorøkonomien er dei urettferder som dagens systemer fører med seg avhengige av at det i dag ikkje finst nokre faste reglar for korleis ein må styre med økonomien eller for korleis ein må avgjere verdien til ting. Tidsfaktorøkonomien tar sikte på tilfellet at tida er ein objektiv konstant, som politiske vedtak ikkje kan regulere eller påverke, og går ut frå at denne konstant er den mest rettferdige som grunn for eit økonomisk system.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Tidsfaktorøkonomien siktar mot å avløyse rentesystemet med avgifter for utførde arbeid; avgifter som ein tel i tid. I ein tidsfaktorøkonomi kan kapital aldri auke med tida utan at ein arbeidsinnsats som svarar til aukinga er blitt gjort. Siktemålet med tidsfaktorøkonomi er å binde kapitalverdien ved ein naturkonstant, på same måte som volum og vekt i dag er bundne ved faste einingar. På denne måten blir juks og spekulasjon gjort vanskelegare.

Kritikk mot tidsfaktorøkonomien[endre | endre wikiteksten]

Tidsfaktorøkonomien har vorte kritisert for å vere for teoretisk for å fungere i røyndommen; at han går ut frå at alle skattepliktige har arbeid.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gustafson, Karl, Deus ex machina (2006)
  • Benjes, Hermann, Wer hat Angst vor Silvio Gesell (2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]