Mudderflate
Utsjånad
(Omdirigert frå Tidvasslette)
Mudderflater eller tidvassletter er ei form for våtmark langs kysten som oppstår der gjørme vert avsett av tidvatn, elvar eller sjø. Ein finn dei ofte i lukka område som bukter, lagunar og estuar.
Mudderflater er viktige område for dyrelivet og har ofte store bestandar, sjølv om mangfaldet ikkje alltid er like stort. Ofte er slike område særs viktige for trekkfuglar som stoppar her.
Det er viktig å verne om mudderflatene for å unngå kysterosjon. Mudderflatene er derimot truga over heile verda på grunn av varsel om auka havnivå i tida som kjem, område som vert utbygd, oppmudring på grunn av skipstrafikk og kjemisk forureining.
Store mudderflater
[endre | endre wikiteksten]- Vadehavet: Nederland, Tyskland, Danmark
- Bridgwater Bay og Morecambe Bay: Storbritannia
- Chongming Dongtan naturreservat i Shanghai i Kina
- Banc d'Arguin i Mauritania
- Lindisfarne i England
- San Francisco Bay i USA
- Port of Tacoma i USA
- Cape Cod Bay i USA
- Minas Basin i Nova Scotia i Canada
- Gulehavet: Kina, Korea
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mudflat» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.