Tiger Garté

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tiger Garté
Tiger Garté.jpg
Fødd 19. mai 1982Rediger på Wikidata
Surnadal
Yrke romanforfattar

Tiger Garté[1] (fødd 19. mai 1982 i Surnadal) er ein norsk forfattar og forlagssjef. Han er medlem av Den norske Forfatterforening.[2]

Liv og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Garté er frå Surnadal i Møre og Romsdal. Han har teke mastergrad innan film- og TV-produksjon ved NTNU.[3]

Garté var forlagsredaktør i Juritzen Forlag i nesten 5 år fram til april 2014.[4]

I 2013 laga han talentkonkurransen «Forfatterfight» som starta 11. desember 2013 på Kulturhuset ved Youngstorget i Oslo.[4]

I april 2014 blei han forlagssjef i Aschehoug forlag sitt imprint, Tigerforlaget.[5]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Garté debuterte hausten 2007 med boka Burnout og fekk gode kritikkar. Han delte Bokklubbprisen med Jo Nesbø for denne boka.[6]

Hausten 2009 ga han ut kriminalromanen Mr. Mike på Aschehoug forlag.[7]

28. juli 2012 starta Tiger Garté opp Bokryggpoesi-sida på Facebook i samarbeid med Roger Pihl. Prosjektet resulterte i ei bokutgjeving jula 2012.[8]

Hausten 2012 kom boka Fuglehotellet ut. Handlinga i boka finn stad på Sunndalsøra i Møre og Romsdal og handlar om bestefar til forfattaren som tok sitt eige liv. Boka blei utgjeven på Tiden Forlag.[9] Gartés roman Fuglehotellet blei i 2012 nominert til Bokhandlerprisen.[10]

Hausten 2014 kom også boka Emo-Elliken og jakten på Johnny Dean ut, som er den første ungdomsromanen til forfattaren. Boka blei utgjeven på Gresvik Forlag.[11]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Burnout (2007), oppvekstskildring frå bygda Surnadal i Møre og Romsdal. ISBN 8203193005
  • Mr. Mike (2009), kriminalroman med handling frå Trondheim. ISBN 8203195717
  • Fuglehotellet (2012), roman basert på forfattaren sitt eige liv. ISBN 9788210052910
  • Bokryggpoesi (2012), bokryggpoesi og tekstar frå norske lesarar og forfattarar, samla og skildra av Tiger Garté og Roger Pihl. ISBN 9788210052910
  • Emo-Elliken og jakten på Johnny Dean (2014), første ungdomsroman i krimserie. ISBN 9788293049227

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunhild Aaslie Soldal (03.10.2007). «Barske kår i hjembygda». Nationen: 27 - Seksjon: KULTUR. «- Jeg heter Tiger Garté, ja, og det har jeg gjort hele livet. Det er svensk, og helt naturlig der, oppklarer forfatteren.» 
  2. «Medlemer G-H». Den norske Forfatterforening. Henta 5. januar 2016. 
  3. «Gretne menn fra bok til film : Adapsjon i film; problemstillinger rundt arbeidsprosessen fra bok til film». NTNU. 2010.  Masteroppgave Student thesis
  4. 4,0 4,1 Anders R. Christensen (22. november 2013). «Leter etter nytt forfatter-Idol». Osloby. Henta 5. januar 2016. «5–15 sider tekst. Åtte potensielle forfattere. Tre minutter taletid. To forfattere og en bokblogger i juryen. Ding-ding!» 
  5. Stian Johansen (5. april 2014). «Tigerforlaget» (norsk). Bok & Samfunn. Henta 13. desember 2014. «- Stor stas å bli en del av et stort konsern, sier Tiger Garté. Fredag ble det kjent at Aschehoug starter et nytt imprint med Marius Hjeldnes, Roger Pihl og Juritzen-redaktør Garté.» 
  6. Jo Nesbø vann Den norske lesarprisen frå abcnyheter.no
  7. Kreative Tiger Garte fra digglitt.no
  8. Bli en bokrygg-poet frå Klar tale.no
  9. Om Fuglehotellet frå Tiden Norsk Forlag
  10. «Nominerte til Bokhandlerprisen 2012». brabok.no. Henta 5. januar 2016. 
  11. Tiger utfordrer leseløver frå BOK365

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]