Tikhaja Sosna
Utsjånad
| Tikhaja Sosna | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 4 350 km² | ||
| Lengd | 161 km | ||
| Middelvassføring | 5,9 m³/s | ||
| Kjelde | Volokonovskij rajon i Belgorod oblast | ||
| Munning | Don | ||
![]() Tikhaja Sosna 50°29′13″N 37°58′14″E / 50.486861111111°N 37.970666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Tikhaya Sosna River | |||
Tikhaja Sosna (russisk Тихая Сосна) er ei elv i Belgorod og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå høgre. Ho er 161 km lang og har eit nedslagsfelt på 4350 km².
Elva spring ut frå dei søraustlege områda av Det sentralrussiske høglandet i nærleiken av landsbyen Pokrovka i Volokonovskogo rajon i Belgorod oblast. Vårflaumen oppstår i mars og april. Middelvassføringa 87 km frå munningen er 5,9 m³/s.
Elva renn gjennom eit jordbruksområde, men somme stader er det likevel eikeskog og frukttre. I nedre delar av elva renn ho over steppelandskap.
Av byar langs elva finn ein Birjutsj, Aleksejevka og Ostrogozjsk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Тихая Сосна» frå Wikipedia på russisk, den 20. oktober 2008.
