Tiller-raset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle kyrkjegarden på Tiller ved kanten av leirraset frå 1816.

Tiller-raset var eit leirras på Tiller klokka halv seks den 7. mars 1816. Rasstaden ligg ti kilometer sør for Trondheim. Raset omfatta ca 500 dekar og tok med seg 550.000 kubikkmeter masse i nordaustleg retning mot Nidelva. Kyrkja på Tiller vart og med på ferda. Raset gjekk mellom dei to Tillergardane og Tillerbrua.

Gardbrukar Lars Fredriksen Nordtiller var i stovehuset då huset vart med i leirmassane. Han mista livet saman med ferdafolk frå Bratsberg og Klæbu. I alt mista 15 menneske livet saman med 19 husdyr. Berre ein liten del av altarringen vart funnen av Tillerkyrkja frå 1802.

Årsaka til raset reknast å vera at saltet i leirgrunnen vart utvaska, slik at det vart kvikkleire. Denne leira låg på sandgrunn, og segla dermed på denne sanden og ned mot elva. Augevitne skal ha sett svære vassårer fosse ut frå rasskrenten. Det vart gjort stor skade langs Nidelva, særleg då ei 15 meter høg demning gav etter slik at vatn og leire fløymde nedetter elva. I Trondheim vart utlaupet av Nidelva for grunn for store båtar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Tiller Historielag