Hopp til innhald

Tine Stange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tine Stange
StatsborgarskapNoreg
Fødd14. mai 1986 (40 år)
Tønsberg
Yrkehandballspelar
Høgd178 centimeter

Tine Stange (fødd 14. mai 1986) er ein norsk handballspelar som er aktiv i Larvik Håndballklubb. Ho vart europameister med Noreg i 2010 og har vunne både meisterligaen og cupvinnarcupen og ei rekke gongar vorte noregsmeister og seriemeister.

Stange spelte på Ramnes IF i lågare divisjonar til 2003. Sidan har ho spelt på det norske topplaget og vunne samtlege norske seriegull i perioden. Med Larvik vann ho Meisterligaen 2011, Cupvinnarcupen 2005 og 2008. Ho er seriemeister 14 gongar, noregsmeister minst åtte gongar.

Stange landslagsdebuterte 21. juni 2007 mot Sør-Korea og deltok i sin siste landskamp mot Spania den 21. mars 2016. Ho fekk sin meisterskapsdebut under VM 2009, men fekk lite speletid i ein meisterskap som enda med norsk bronse. Året etter vart ho meir brukt då ho og Noreg vann EM-trofeet etter finalesiger over Sverige. Gjennom ni år spelte ho 50 kampar med det norske flagget på brystet og skåra 61 mål.

  • Handball-VM 2009: Bronsemedalje etter 31-26 mot Spania
  • Handball-EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige
  • Meisterligaen: 2011 med Larvik Håndballklubb
  • Cupvinnarcupen: 2005 og 2008 med Larvik HK
  • Seriemeister: 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012, 2013, 2014, 2015, 2016 og 2017 med Larvik HK
  • Noregsmeister: 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2013, 2014, 2015 og 2016 med Larvik HK