Tinkerhest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinkerhest
Foto: Anette Somby

Tinkerhest er ein hestetype frå Dei britiske øyane som er knytt til reisandefolk eller sigøynarar. Han er også kjend som gypsy vanner, irish cob, coloured cob, gypsy horse/cob, romany horse eller piebald. Tinkerhestar kan ha ulike storleikar, frå ponnihøgd på 128 cm opp til 170 cm.[1]

Hestane finst i ulike fargar, men er ofte tofarga. Dei har ofte mykje hovskjegg. Historia til hesten går langt tilbake. I avlen har ein mellom anna hatt innslag av clydesdale, shire, fell og connemara.

Hesten er blitt avla fram av reisandefolk for å kunna trekka husvogner og ridast. Han har i dag eit vidt bruksområde, til dømes som turhest, køyrehest, kløyvhest, dressur og enklare sprangriding. Han blir også brukt som terapihest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tinkerhesten». dyrebar.no. Henta 6. juni 2018.