Titrering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk titreringsoppsett.

Titrering er ein analysemetode der ein gradvis set til ein reagens (titrant) i ei prøve til reaksjonen er fullstendig. Slik kan ein finna konsentrasjonen av ein analytt.

Eksperimentelt oppsett[endre | endre wikiteksten]

Analytten er ofte i ein erlenmeyerkolbe eller eit begerglas. Titrant vert tilsett frå ei byrette, og kan blandast inn i analytten ved hjelp av ein magnetrørar. Når endepunktet (omslagspunktet) er funne les ein av på byretta kor mykje titrant som er tilsett. I visse tilfelle kan det vera praktisk å ha analytten i byretta. Dette vert kalla omvend titrering.

Det er òg mogleg å bruka titrator.

Typar titrering[endre | endre wikiteksten]