Tjøredrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Om det er for mykje, eller for tyntflytande tjøre, får ein striper på borda.

Tjøredrev, ofte kalla si eller sisnor, vert brukt under klinkbygging av båtar, til å tette suda, overlegget, mellom kvar bordgang. I dag er drevet oftast laga av tvinna hamp eller bomull. I eldre båtar ser ein at det har vorte brukt dyrehår: saueull, kuhår eller reinshår.[1] Ull var vanlegast i eldre, og tildels yngre jarnalder. Innslag av andre fibrar, plantematerialar som hamp og lin, vart frå 700-tallet og framover meir vanleg.[2]

Ull og kuhår har gjerne vorte spunne saman til sisnor, til dømes ved hjelp av ein sihårs-krok. Høveleg tråd bør vere 4-5 mm tjukk, og laustvinna.[3]

Når eit nytt båtbord skal setjast på, vert ei strime milebrend tjøre smurd på i suda. Tjøra må gjerne innkokast for å verte høveleg tjukk. Siet lagt opp på tjøra, og trykt godt saman. Når neste bord vert klinka på, ligg tjøredrevet mellom dei to borda og tettar. Om tjøra er for tynn, eller det er for mykje av ho, renn ho gjerne nedover båtsida.

Fleire båtbyggjarar, som til dømes i Bjørkedalen, laga si- snora, eller sibrædet, ferdig før dei starta å feste bordet.Tjøre og fiber vart grundig blanda saman, og dregne frå kvarandre med hendene. Ei høveleg snor vart drega ut og lagd i skøyten.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Håvard Haraldson Hatløy (2019). «Bygging av ein sunmørsfæring». I Frode Sætre. Båtbygging på Bjørkedalen, Artikkelsamling. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 122-123. ISBN 978-82-303-4166-7. 
  2. Lund, Thomas (våren 2018). «En analyse av båtgraver fra jernalder i Nord-Norge» (PDF). Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. s. 36. Henta 20. juni 2023. 
  3. Gunnar Eldjarn og Jon Godal (1988). Nordlandsbåten og Åfjordbåten, Bind 3, Åfjordbåten. A. Kjellands Forlag A.S.Lesja. s. 43-45. ISBN 82-90795-033. 
  4. Jakob D. Bjørkedal (1987). Båtbygging på Bjørkedalen, Ord og uttrykk. Volda: Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda. s. 4. ISBN 82-90155-66-2.