Jarnalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rekonstruert jarnalderhus, i jernalderlandsbyen i Odense
Øks frå jarnalderen, funne på Gotland

Jarnalderen eller jernalderen er i arkeologien rekna som den tidsepoken der bruken av jarn er framtredande i produksjonen av våpen og reiskap. I Noreg begynte jarnalderen frå om lag år 500 f.v.t., men dei tidlegaste spora av jarnutvinning er mykje eldre, kanskje så tidleg som år 3000 f.v.t. Det tok bortimot 1000 år frå menneskeslekta oppdaga jarnutvinning til kunnskapen nådde Norden. Jarnalderen begynte på ulike tider på ulike plassar i Europa.

I Europa og Asia kjem jarnalderen etter bronsealderen, mens han i resten av verda kjem direkte etter steinalderen. Det er vanskeleg å tidfeste jarnalderen nøyaktig for ein enkelt region, men det refererer til den tidsepoken der bruken av jarn er det mest avanserte metallarbeidet til ein sivilisasjon.

Dei første teikna på bruk av jarn kjem frå det gamle Egypt og Sumer, der dei laga små gjenstandar som spydspissar og ornament allereie i år 4000 f.v.t.

Forskinga[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga av historiske epokar som steinalder, bronsealder og jarnalder kjem opphavleg frå Danmark og historikaren Christian Jürgensen Thomsen tidleg på 1800-talet. Inndelinga bygde på ideen om teknologiske framsteg. Etter at Thomsen hadde gjort greie for treperiodesystemet i boka Ledetraad til Nordisk Oldkydighet i 1835 vart denne i løpet av kort tid grunnlaget for kronologisk inndeling av forhistorisk tid i heile Europa.

Sjølv om systemet er pedagogisk forståeleg er det ikkje utan svakheiter og heller ikkje heilt allmenngyldig. Noreg hadde knapt nokon bronsealder, det er også tilfellet for det meste av Afrika, der befolkninga gjekk direkte frå stein til jarn som materiale. I Australia vart bronse og jarn ikkje bruka i det heile tatt før europearane kom dit.

Historikarane sitt syn på jarnaldersamfunnet har endra seg over tid. I førstninga rådde den forestillinga at samfunnet var prega av sosial likskap, men frå midten av 1800-talet vart slektsaristokratiet si viktige rolle understreka. Også i dag tolkar forskrane fornminna ulikt.

Jarnalderen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg plasserer vi jarnalderen som epoke ca. 500 f.v.t. - 1030 e.v.t. Sjå òg eigen artikkel: Jarnalderen i Noreg

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen [1]