Tjuvlytting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kardinalar tjuvlyttar i Vatikanet. Måleri av Henri Adolphe Laissement frå 1895

Tjuvlytting er det å lytte i løynd til private samtalar eller samband utan at dei det gjeld har gjeve løyve til dette.[1][treng kjelde] Folk er stort sett samde om at slikt er uetisk og i fleire høve juridisk ulovleg.[2] Likevel er teknikken mykje brukt i spionasje og COMINT, der telefonar, e-post, SMS og datanett mellom personar, føretak og særleg militære eningar vert brukte.

Verktøysett frå 1950-åra for å plante utstyr for tjuvlytting i møblar, vegger og anna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garner, s. 550, junu 2014
  2. «hemmelig avlytting». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014.