Tom Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Hagen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. april 1950 (74 år)
Yrke forretningsdrivande, gründer, bedriftseigar, skøyteløpar
Ektefelle Anne-Elisabeth Falkevik Hagen 1970-

Tom Hagen (fødd i 1950) er ein norsk bygningsingeniør, eiendomsbesitter, forretningsmann og milliardær.

Hagen grunnla selskapet Elkraft AS i 1992, og han har i tillegg drive utstrekt eigedomshandel. Magasinet Kapital anslo i 2018 at formuen hans var på 1,7 milliardar norske kroner.

Forsvinninga av Anne-Elisabeth Hagen[endre | endre wikiteksten]

31. oktober 2018 forsvann kona til Tom Hagen, Anne-Elisabeth Falkevik Hagen, og etter at det vart sett fram krav om løysepengar på ni millionar euro[1] gjekk norsk politi ut frå at ho vart kidnappa av personar med økonomisk vinning som motivasjon. Betalinga vart kravd i kryptovalutaen Monero. Politiet heldt fyrst etterforskinga hemmeleg, men offentlegjorde ho i januar 2019.

28. april 2020 blei Tom Hagen pågripen og sikta for drap, eller medverknad til drap, på Anne-Elisabeth Falkevik Hagen. Han vart varetektsfengsla for fire veker, etter kjenning i Nedre Romerike tingrett. Kjenninga blei anka til Eidsivating lagmannsrett, som med to mot tre stemmer avsa kjenninga om at Hagen skulle lauslatast frå varetekt. Politiet anka kjenninga til Høgsterett. Anken blei send til lagmannsretten, som gav han oppsetjande verknad, slik at Hagen blei sitjande i varetekt til Høgsterett fekk behandla saka.[2][3] 8. mai forkasta Høgsteretten anken frå politiet, og Hagen blei lauslaten frå varetekt.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wife of Norwegian billionaire missing for 10 weeks – police fear kidnapping for ransom», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 7. mai 2020 
  2. Zondag, Martin H. W. (28. april 2020). «Anne-Elisabeth Hagens ektemann Tom Hagen siktet for drap eller medvirkning til drap». NRK (på norsk bokmål). Henta 28. april 2020. 
  3. Jørstad, Runar Henriksen (7. mai 2020). «Anken behandlet: Lagmannsretten vil løslate Tom Hagen». NRK (på norsk bokmål). Henta 7. mai 2020. 
  4. Hanna Haug Røset, Bjørnar Tommelstad, Morten S. Hopperstad, Gordon Andersen og Ådne Husby Sandnes (8. mai 2020). «Høyesterett forkaster anke: Tom Hagen løslates». VG. Arkivert frå originalen 8. mai 2020. Henta 8. mai 2020.