Tom Wolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom «T-Bone» Wolk
Fødd24. desember 1951(1951-12-24)
FødestadYonkers i New York
Død28. februar 2010 (58 år)
DødsstadPawling i New York i USA
FødenamnTom Wolk
AliasT-Bone, Tommy
OpphavUSA
Aktiv1964–2010
SjangerPoprock, rock, blues
InstrumentBassgitar, gitar
Tilknytte artistarHall & Oates, Saturday Night Live Band, Elvis Costello
PlateselskapSay See Bone Music
Verka somMusikar, plateprodusent

Tom «T-Bone» Wolk (24. desember 195128. februar 2010) var ein USA-amerikansk musikar og bassist for musikkduoen Hall & Oates.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Wolk voks opp i Yonkers i New York. I 1991 var Wolk medprodusent på Willie Nile-albumet Places I Have Never Been. Wolk arbeidde òg med Ryan Leslie på debutalbumet hans. Wolk spelte inn bluesartisten Guy Davis sine album Butt Naked Free og Chocolate to the Bone, og spelte med Davis på «Late Night with Conan O'Brien». Wolk hadde i fast spalte i magasinet Guitar for the Practicing Musicians i 1980-åra. Han byrja å spele med Hall & Oates i 1981 etter å ha spelt på albumet Private Eyes. Han var òg medlem av Saturday Night Live Band med Hall & Oates-kollegaen G.E. Smith. Wolk spelte fleire instrument og arbeidde med Daryl Hall, Carly Simon, Jellyfish, Squeeze, Elvis Costello, Shawn Colvin og Billy Joel. Frå 2007 arbeidde Wolk med Daryl Hall på hans Live From Daryl's House, ein månadleg konsert over Internet.

Wolk døydde 27. februar 2010 av eit hjarteinfarkt, 58 år gammal.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morris, Christopher (2010-03-01). «"Bassist Tom 'T-Bone' Wolk dies», 1 March 2010, Variety». Variety.com. Henta 6. mars 2015. 
  2. «"Hall & Oates Bassist T-Bone Wolk Dies», 1 March 2010». Billboard.com. 2010-03-01. Henta 6. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]