Tomas Colin Archer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tomas Colin Archer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1952 (71 år)
Larvik
Yrke politikar, flyvåpenoffiser
Politisk parti Arbeidarpartiet
Tomas Colin Archer på Commons

Tomas Colin Archer (fødd 31. august 1952 i Larvik) er ein norsk generalløytnant. Han har hatt ei rekkje stillingar i Forsvaret og har fått fleire utmerkingar for leiarskapen sin. Archer er uteksaminert frå Flygeskulen (1971), Luftkrigsskulen (1977), Luftforsvarets stabsskule I og II (1984), hovudkurset på Forsvarets høgskule (1996) og Royal College of Defence Studies (1999).

Tomas Colin Archer arbeidde som generalinspektøren for Luftforsvaret (GIL) i åra 20002004.[1] I jobben som GIL vann Archer i 2003 ein internasjonal pris for resultata han oppnådde med leiingsverktøyet balansert målstyring (BM).[2] Etter perioden som GIL overtok han som øvste sjef for Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK).

Tomas Colin Archer har også fått andre utmerkingar for leiareigenskapane sine i Forsvaret. Han vart tildelt «Årets likestillingspris 2002» og fekk også utmerkinga som «Årets leiar i staten 1998».[2] Den siste fekk han som sjef for Bodø hovudflystasjon i åra 1996–1999. Archer har tidlegare også hatt jobben som sjef for jagarflyskvadronen 334-skvadronen (1984–1989).

26. januar 2006 overtok Archer jobben som generalsekretær i Flyktningehjelpen. Denne jobben hadde han fram til 1. januar 2008. Sidan januar 2008 har han vore styreleiar i stiftinga Norsk Luftfartsmuseum og Norsk Luftfartssenter Bodø a/s. Tomas Colin Archer er også medlem av Utvalet for tryggleik, nedrusting og internasjonale spørsmål og Fagleg råd for statleg leiarskap.[3]

Tomas Colin Archer er oldebarn av den kjende skipsbyggjaren Colin Archer.[3] Archer er oppvoksen i Stavern, men bur i Moss, er gift med Kari Archer og har to ungar. Ved kommunevalet i 2007 vart han vald inn i kommunestyret i Moss for Arbeidarpartiet, og sidan 2008 har han vore leiar for Moss Ap.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Archer, Tomas Colin» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brigader Stein Erik Nodeland ny Generalinspektør for Luftforsvaret Arkivert 2006-01-15 ved Wayback Machine.» hjå Luftforsvaret (10.09.2004)
  2. 2,0 2,1 «Luftbaronen takker for seg Arkivert 2006-10-09 ved Wayback Machine.» hjå Forsvaret (01.09.2005)
  3. 3,0 3,1 Hvem er hvem?, s. 33–34.
  4. Gjenvalgt som Ap-leder Arkivert 2009-03-02 ved Wayback Machine.» på Moss Dagblad (28.02.2009)