Tommi Evilä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommi Evilä


Statsborgarskap Finland
Fødd 6. april 1980 (44 år)
Tammerfors
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008

Jaakko Tommi Kristian Evilä (fødd 6. april 1980) er ein finsk tidlegare lengdehoppar frå Tampere som under verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005 vann bronsemedaljen i øvinga.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I lengdehopp-kvalifiseringa under VM i friidrett 2005 hoppa Evilä 8,18 meter og sletta den 39 år gamle landsrekorden til Rainer Stenius på 8,16 meter. I finalen sikra han seg bronsemedaljen med eit hopp på 8,25 m, men i for mykje medvind til at det vart finsk rekord. Nokre veker seinare flytta han den finske lengderekorden til 8,19 m då han sigra i landskampen mot Sverige i Göteborg. To år seinare landa han på 8,41 m då han på ny vann lengdetevlinga i landskamp mot Sverige, i for sterk medvind til at det var rekord. Under landskampen Sverige–Finland i Göteborg 28. juni 2008 forbetra han den finske rekorden til 8,22 meter. Evilä lukkast ikkje ta seg til finalen i Sommar-OL 2008. Sidan vart nummer 10 i så vel EM 2010 som i EM 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tommi Evilä