Tommy Rustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Rustad
Tommy Rustad 2011.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1968
Oslo
Idrett Bilsport, rally
Yrke rallykøyrar, racerfører

Tommy Rustad (fødd 3. september 1968) er ein norsk bilsportsutøvar frå Harestua. Han byrja karrieren sin i rallycross, men gjekk over til asfaltracing der han vart ein av tidenes mestvinnande i Noreg. Rustad konkurrerer for tida i Swedish Touring Car Championship (STCC), men har og køyrd eit år i British Touring Car Championship

Han er og kjend frå TV-programmet AutofilNRK, der han testar bilar saman med programleiaren Jan Erik Larssen.