Bilsport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bilsport er ein motorsport der ein bruker bilar til å kappkøyra på ulike vis. Bilsport er internasjonalt organisert gjennom Fédération Internationale de l'Automobile (FIA).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå løpet mellom Paris og Rouen i 1894.

Kappkøyring med bil tok til snart etter at ein hadde utvikla den første bensindrivne bilen, og før dette hadde ein allereie tevla i hestedregne bilar. Det første billøpet som blei lyst ut fann stad den 28. april 1887 mellom Pont de Neuilly og Bois de Boulogne (2 km), og blei halde av sjefredaktøren for Le Vélocipède, Monsieur Fossier. Løpet blei vunne av den einaste deltakaren Georges Bouton, i ein bil han hadde bygd saman med Albert de Dion. Den 22. juli 1894 blei den første verkelege tevlinga med fleire deltakarar arrangert av tidskriftet Le Petit Journal, og gjekk mellom Paris og Rouen. Igjen var Albert de Dion først i Rouen med sin bil, men ein Panhard et Levassor blei vinnar etter at andre tilhøve var tekne med.

Vanlege bilsportgreiner[endre | endre wikiteksten]

  • Bakkeløp er ei tevlingsform der førarar køyrer ei fastlagd løype oppover raskast mogleg. Underlaget og kor bratt ho er varierer. Ein kan bruka ulike typar bilar til denne greina: Rally-, rallycross-, reserbilar og andre, som lastebilar.
  • I bilorientering bruker ein kart til å køyra ein ukjend veg på ei bestemt tid. Tevlingsforma er særleg utbreidd i Norden.
  • Crosskart går ut på å køyra fortast mogleg på ein bane, oftast med grusunderlag, med ein liten, rask spesialbygd bil.
Dragracing
  • Dragracing går ut på at ei fargreie frå ståande start skal køyra ei kort lengd raskast mogleg.
  • Drifting er bilsport der føraren utfører kontrollert sladding på ein bane. Utføringa blir stildømt.
  • Bilcross er ei form for lågkostnadsløp der ein køyrer vanlege bilar på grus- eller asfaltbane i høgst 80 km/t. Etter kvart løp blir løpsbilane selde til ein fastsett pris.
  • Gokart blir utført på asfaltbane i ein liten, rask spesialbygd bil.
Michael Schumacher i en Ferrari Formel 1-bil 2005.
NASCAR-bilar under Daytona 500 i 2004.
  • Rally er personbilløp over lengre strekningar, ofte over fleire dagar. Ofte køyrer ein rally på vanlege vegar som er stengde for annan trafikk. Til forskjell frå andre billøp har sjåføren med seg ein passasjer som kartlesar.
  • Rallycross går ut på å køyra raskast mogleg med spesialutrusta bilar på bane med grus- og asfaltunderlag. Banen er rundt 1 km lang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bilsport

Kjelder[endre | endre wikiteksten]