Tons of Sobs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tons of Sobs
Studioalbum av Free
Utgjeve 14. mars 1969
Innspelt Morgan Studios, Willesden i London
Oktober og desember 1968
Sjanger Bluesrock
Hard rock
Blues
Lengd 70:30
Selskap Island
Produsent Guy Stevens
Kritikk
Free-kronologi
Tons of Sobs Free
(1969)


Tons of Sobs er debutalbumet til det britiske bandet Free. Det vart innspelt i slutten av 1968 i Morgan Studios i London. Albumet kom aldri på nokon britiske toppliste og vart korkje særleg populært i USA eller Europa, men det (og bandet) vert likevel rekna som eit av dei viktigaste i britisk blues.[treng kjelde]


Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Free var eit nytt band då dei spelte inn Tons of Sobs, og dei var svært unge. Andy Fraser, bassisten, var berre seksten år, medan Paul Rodgers, vokalisten, var 19 år gamal. På den fylgjande turneen var konsertane for det meste sett saman av songane på Tons of Sobs. Åtte av dei ti opphavlege spora på albumet er originale, noko som er mange i forhold til The Rolling Stones og The Beatles sine debutalbum.

Guy Stevens vart produsenten for albumet under Island Records, som valde ei minimalistisk haldning til produksjon: eit ekstremt lågt budsjett på 800 pund (7100 kr.). Albumet fekk då ein upolert og rå ljod - sjølv om uerfarenheita til bandet òg medverkar til dette.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Over the Green Hills» (I)Rodgers 0:49
2. «Worry»  Rodgers 3:26
3. «Walk in My Shadow»  Rodgers 3:29
4. «Wild Indian Woman»  Rodgers, Fraser 3:39
5. «Goin' Slow Down»  James Burke Oden 8:20
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «I'm a Mover»  Rodgers, Fraser 2:56
2. «The Hunter»  Booker T. Jones, Carl Wells, Donald Dunn, Al Jackson Jr., Steve Cropper 4:13
3. «Moonshine»  Rodgers, Kossoff 5:04
4. «Sweet Tooth»  Rodgers 4:54
5. «Over the Green Hills» (II)Rodgers 1:58
Bunusspor (CD):
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «I'm a Mover (BBC Session)»  Rodgers 3:04
12. «Waitin' On You (BBC Session)»  B.B. King, Ferdinand Washington 2:15
13. «Guy Stevens Blues»  Rodgers, Fraser, Kossoff, Kirke 4:39
14. «Moonshine (alternativ versjon)»  Rogders, Kossoff 5:09
15. «Sweet Tooth (alternativ versjon frå 1967)»  Rodgers 4:53
16. «Visions of Hell»  Fraser, Rodgers 3:46
17. «Woman by the Sea»    3:30
18. «Over the Green Hills (BBC Session)»  Rodgers 3:51
  • På nyare utgåver er spor 1-5 og spor 6-10 berre spor 1-10.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Free

Andre medverkande
  • Guy Stevens – produsent
  • Andy Johns – teknikar
  • Steve Miller – piano, hamrande piano
  • Mike Sida – plateomslagsfotograf
  • Richard Bennett Zeff – bandfotograf

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Tons of Sobs» frå Wikipedia på engelsk, den 03. og 04. august 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Strong, Martin (1994, 2002):The Great Rock Discography, 6. utgåve. Edingburgh: Canongate Books (side 392 og 393)
    • Sutcliffe, Phil (1968, 2001):Notes to "Tons of Sobs" by Free. Universal Island Records Ltd
  • Plateomslag på Tons of Sobs