Tord Sigvaldaskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Tord Sigvaldaskald (Þórðr Sigvaldaskáld) var ein islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet. Han var far til skalden Sigvat Tordarson (Sigvat Skald), og han må difor ha blitt fødd ein gong før 980.

Snorre skriv om Tord Sigvaldaskald i soga om Olav den heilage[1], der det blir sagt at han var lenge hjå Sigvalde jarl og seinare hjå bror hans, Torkjell Høge. Etter den tida vart Tord kjøpmann, og han må òg ha vore på herjing i vesterveg. Der møtte han Olav Haraldsson, vart hans mann og følgde han sidan.

Tord der nemnt i tåtten om Sigvat Skald[2], og han er òg nemnt i ei lausavise[3] av Sigvat Skald der det er skrive slik: «Tord, far min, var der tidlegare, hos kongen (Olav)»[Note 1]. Tord er òg oppført i Skaldatal[4] som skald hos Sigvalde jarl (der av namnet), men noko dikt av Tord er ikkje kjent. Truleg døydde han før 1030.

Han skal ha vore bestefar til skaldane Ottar Svarte og Ravn Hrutafjording (Hrafn Hrútfirðingr)[Note 2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. På norrønt er strofa slik: -faðir minn vas þar þenna Þórrøðr- konung, forðum. Namnet Þórrøðr er her ei eldre, tostavingsform (dissyllabisk) av Þórðr.
  2. Hrútfirðingr= folk frå Hrutafjördur på Island.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav den heilage (kap.43) (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  2. «Tåtten om Sigvat skald», heimskringla.no
  3. Lausavise av Sigvatr Þórðarson (Skaldic Project)
  4. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]