Torebrak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyden av torebrak.

Torebrak er lyden skapt av eit lyn. Avhengig av korleis lynet oppstår og avstanden til lynet, kan lyden variere frå eit skarpt og høgt skrall til ei lang og låg romling. Lyden oppstår av ei sjokkbølgje som følgje av at lufta raskt utvidar seg rundt lynet.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Kva som skapar torebraket er noko mennesket har undra seg over i lang tid. Den første dokumenterte teorien kom frå den greske filosofen Aristoteles200-talet fvt. som meinte at det kunne vere skyene som kolliderte. På midten av 1800-talet var den aksepterte teorien at lynet skapte eit vakuum langs leia si, og at braket kom av lufta som raskt fylte vakuumet. Seinare på 1800-talet meinte ein at torebraket kom av eksplosjon av damp når vatnet langs lynkanalen vart oppvarma. Ein annan teori var at lynet skapte gassar som så eksploderte. På 1900-talet byrja ein å gå ut i frå at torebraket oppstod som ei sjokkbølgje i lufta på grunn av brå termal ekspansjon av plasma i lynkanalen. I løpet av brøkdelen av eit sekund vert lufta varma opp til ein temperatur på om lag 28 000 °C[1]. Denne oppvarminga skapar ein ekspansjon utover i den kaldare lufta med ein fart raskare enn lydfarten.

I nyare tid har ein gått noko bort frå dette etter å ha observert at det målte overtrykket i eit simulert lyn er større enn det oppvarminga kunne skape på eiga hand. Alternative forslag baserer seg på elektrodynamiske effektar av den massive straumen som verkar på plasmaen i eit lyn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. juni 2007, henta 30. juli 2007