Torggata i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′55.3″N 10°45′1″E

Den nordaustre luten av Torggata sett sørvestover i januar 2017
Torggata på strekninga mellom Youngstorget (i framgrunnen) og Stortorvet i 2009

Torggata er ei gate i Oslo sentrum som dels ligg i Bydel St. Hanshaugen (adressene 1-35, 2-40) og dels i Bydel Grünerløkka (51-53). Gata går frå Stortorvet framfor Oslo domkyrkje i sørvest til Ankerbrua over Akerselva i nordaust, tvers over Youngstorget og på nordsida av Arbeidersamfunnets plass og det tidlegare Ankertorget, der det på 1970-talet vart reist hotell og studentbustader.

Gata er ei typisk handels- og restaurantgate. Mellom Stortorvet og Youngstorget vart gata tidleg omgjort til gågate. Resten av gata vart gågate i 2009, seinare opparbeidd med fortau med gatemøblar og eit sentralt sykkelfelt, og med restriksjonar på bruk av bil.

Torggata fekk namnet Torvegaden i 1852, og vart bygd som Øvre Torvegade frå Stortorvet til Youngstorget 1846, og mellom Youngstorget og Ankerbrua i åra mellom 1857 og 1876.

I Torggata 9 låg Eldorado kino, som var kommunal og vart lagt ut for sal i 2010, og no er bygd om til bokhandel. Og i Torggata 16 låg Torggata bad, som var i bruk som bad i tida 1861 til 1980, fyrst i ein bygning frå 1861, deretter i ein ny bygning på same staden frå 1931-1932 i nyklassisisisk arkitektur. Etter nedlegginga som bad, vart bygningen ombygd i 1983 og seinare for å verte nytta til mellom anna konsertlokale og handelsverksemd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]