Bydel St. Hanshaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bydel St. Hanshaugen i Oslo

St. Hanshaugen er ein administrativ bydel i Oslo som har 28 287 innbyggjarar (1. januar 2006) over eit areal på 3,6 km². Bydel St. Hanshaugen strekkjer seg mot nord opp til hovudanlegget til Norsk rikskringkastingMarienlyst (Blindern) og til Ullevål, og i sør til Oslo domkyrkje og Youngstorget. I vest har bydelen grense mot Majorstuen-området og Fagerborg kyrkje, og i aust mot Iladalen og Grünerløkka. Bydelsadminstrasjonen har òg ansvaret for dei kommunale tenestene i sentrum av Oslo, som i denne samanhengen er geografisk avgrensa austover ved operahuset i Bjørvika og vestover attom Slottet og framfor Aker Brygge.

St. Hanshaugen er òg namnet på ein park i bydelen, og det er denne parken som har gjeve namn både til stroket kring parken og til bydelen. Bydelen har tidlegare hatt namnet St. Hanshaugen-Ullevål.

Kontora for administrasjonen for bydel St. Hanshaugen ligg i Stensberggata 25-27.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]