Torkjell Berulfsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torkjell Berulfsen
Torkjell Kristian Berulfsen Cosmopolite (202000).jpg
Fødd 20. januar 1943
Yrke journalist, komikar, forfattar, programleiar, filolog
Torkjell Berulfsen på Commons

Torkjell Kristian Berulfsen (fødd 20. januar 1943) er ein norsk journalist, komikar, forfattar og programleiar.

Berulfsen er son av språkforskaren Bjarne Berulfsen. Han er utdanna på handelsgymnasium og innan filologi. I 1982 vart han tilsett i NRK.[1] Han har leidd radio- og TV-program som Reiseradioen, Nitimen, Nattradioen, Borgulfsen (med Knut Borge), WOK, Dykk i arkivet, Edle dråper og Herfra til halv ti. Dessutan har han laga seriane Opp i røyk, Ganefryd, Berulfsens pengebinge, Berulfsens fargerike og Berulfsens konspirasjoner.

Berulfsen vart kåra til beste mannlege programleiar under Gullruten 2007 for Berulfsens fargerike.[1] Han fekk dessutan Lytterprisen til Riksmålsforbundet i 2000.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Torkjell Berulfsen». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014.