Bjarne Berulfsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Berulfsen

Fødd27. mars 1906
Solum kommune
Død9. oktober 1970
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, lingvist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnTorkjell Berulfsen

Bjarne Berulfsen (27. mars 19069. oktober 1970) var ein norsk filolog og professor, kanskje mest kjend frå etableringa av Visens venner (1946), og dessutan ei rekkje bøker som er omsette til fleire språk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Berulfsen var fødd i Solum, noverande Skien kommune. Han tok examen artium i 1925 og språkleg-historisk embetseksamen (cand.philol.) i 1932 med norsk hovudfag på avhandlinga En stilig og språklig undersøkelse av brevene fra Håkon Erlingsson, biskop i Bergen 1332–42. Så fekk han stipend i 1932 for å studera det islandske språket på Háskóli Íslands.[1] Vel tilbake tok han pedagogisk eksamen i 1932 og jobb som lektor og norsklærar ved Kristeleg Gymnasium i Oslo nokre år.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Berulfsen var overlærar ved Oslo handelsgymnasium 1936-1962. Han vart dr.philos. i 1949 på avhandlinga Kulturtradisjon fra en storhetstid der han baserer funna sine på brev i Bergens kopibok frå 1300-talet. Han var òg gjesteforelesar ved University of Wisconsin i 1958. Han vart tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Oslo i 1960, seinare dosent og deretter professor i nordisk språkvitskap (1967) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo, der han var fram til han døydde.

Berulfsen sat i Samordningsnemnda for skuleverket (oppteken 1947) og seinare i Norsk språknemnd.[2] Han var far til journalisten Torkjell Berulfsen, og skreiv sjølv visetekster og akkompagnerte på piano. Berulfsen bidrog til å påvisa korleis dei norske folkeeventyra påverka bokmål til avviking frå det rådande skriftspråket, det latinsk-tysk-danske.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ligger "Laagøerne"? Historisk tidsskrift 1943-46 33: 314-327
  • Knut Porses brev til bergenserne Historisk tidsskrift 1952-53 36: 620-625

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norske fiologer og realister, 1933
  2. Visevennen, VG (31.5.1969)
  3. B. Berulfsen, Anti-filologien i eventyrland, VG (15.1.1953)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]