Torleiv Bolstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torleiv Bolstad
Fødd 25. oktober 1915
Øystre Slidre
Død

10. februar 1979
Oslo

Yrke Hardingfele, felespiller

Torleiv Bolstad (fødd 1915 i Øystre Slidre, død 1979 i Oslo) var ein framståande spelemann frå Valdres. Han var av dei førande tradisjonsberarane frå dette området i si tid.

Torleiv Bolstad tok til å lære slåttar alt i femårsalderen, av grannen Torstein Rogne. Då han var ti, fekk han seg fele, og fekk mykje spel i nærmiljøet der han voks opp. Han lærde mellom anna mykje spel av Ola Okshovd, og fekk slik nær kjennskap til spelet etter Jørn Hilme.

Som vaksen reiste Bolstad til Oslo, og kom til å halde seg aktiv i lagsarbeidet der, tilknytt Laget for folkemusikk og Valdreslaget. I seinare år reiste han mykje oppatt til Valdres, og var ein skatta læremeister for dei yngre spelemennene der. Torleiv Bolstad hadde eit klokkereint og avslepe spel, som har vore stilskapande for det seinare Valdres-spelet. Han var kjend for ein stødug og god danserytme, og var svært medveten om kvaliteten på dansen, og dialogen mellom dansar og spelemann.

Torleiv Bolstad var mykje i lag med Kjetil Løndal, og desse to var rekna som dei beste konsertspelemennene i samtida.

Det var rekna som eit sårt tap for spelemannsmiljøet at Torleiv Bolstad gjekk bort så tidleg, berre 64 år gamal.

Hardingfeleverket har trykt opp 58 slåttenedskrifter etter Torleiv Bolstad, den største luten slåttenedskrifter frå Valdres i det heile.