Torodd Kinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torodd Kinn
Fødd 7. januar 1967 (53 år)
Flora
Yrke professor

Torodd Kinn (fødd 7. januar 1967 i Flora) er ein norsk språkforskar.

Kinn er utdanna ved Universitetet i Bergen i faga tysk, allmenn lingvistikk og nordisk. Han vart cand.philol. i 1993 og disputerte for dr.art.-graden i 2001 med avhandlinga Pseudopartitives in Norwegian. I 2006 gav han ut Academic Voices – Across Languages and Disciplines saman med Kjersti Fløttum og Trine Dahl.

Han vart tilsett som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen i 2006 og har vore professor sidan 2011.

Kinn forskar og underviser hovudsakleg innanfor norsk grammatikk, semantikk og språkhistorie, men har òg forska innanfor tekstlingvistikk og personnamn. Saman med Lars Anders Kulbrandstad gav han ut den fjerde utgåva av Språkets mønstre i 2016, ei lærebok i norsk grammatikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]