Torolv Kandahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torolv Kandahl

Fødd17. august 1899
Austad
Død5. mars 1982 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør
Alle verv

Torolv Kandahl (17. august 18995. mars 1982) var ein norsk pressemann og politikar frå Austad i Aust-Agder.

Far til Kandahl var folkeskulelærar frå Breim i Nordfjord, med lærarpost i heimbygda til kona. Kandahl sjølv tok examen artium i 1918 og juridisk embetseksamen i 1926 ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Oslo. Jamside studiane var han journalist 1918-19 i Tønsberg Blad og 1919-22 i Morgenbladet, samt stenograf 1922-27 i Stortinget.

I 1928 vart Kandahl tilsett som redaksjonssekretær i osloavisa Aftenposten si politiske avdeling. Han vart fjerna frå stillinga i 1941. Han rømde då landet og tok seg til Storbritannia, der han fekk arbeid på informasjonskontoret til den norske eksilregjeringa. Frå 1942 til 1945 var han sjef for regjeringa sitt informasjonskontor i New York. Etter verdskrigen var han redaktør i Drammens Tidende og Buskerud Blad til 1961.

Perioden 1961-70 var Kandahl sjefredaktør i Aftenposten. Han var oppteken av at Aftenposten skulle vere ei «anstendig avis», og som formann i Norsk Redaktørforening 1950-56 var han arkitekt for Redaktørplakaten. Han var formann i Norsk Presseforbund inntil 1941 og president i Nordmanns-Forbundet 1963–75.

Kandahl var aktiv i partiet Høgre. Han representerte partiet 1934-40 i Aker kommunestyre, siste året i posisjonen som varaordførar. Tingbolken 1950-53 var han stortingsrepresentant frå Buskerud, med plass 1950-51 i Kommunalkomitéen og 1952-53 Samferdslekomitéen. I den tida han var sjefredaktør i Aftenposten, var han også medlem i Høgre sitt sentralstyre.

Kandahl vart i 1975 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]