Torremolinos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torremolinos
Flagget til Torremolinos Byvåpenet til Torremolinos
Flagget til Torremolinos Byvåpenet til Torremolinos


Plassering
Torremolinos is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Málaga
Grunnlagd 1748
Borgarmeister Pedro Fernández Montes
Geografi
Flatevidd
 - By

20 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

63 077
  3 153,9 /km²
Koordinatar 36°37′″N 4°29′″WKoordinatar: 36°37′″N 4°29′″W
Høgd over havet 49 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 29620
Nettstad: www.torremolinos.es

Torremolinos er ein by på Costa del Sol ved Middelhavet, like vest for byen Málaga i provinsen Málaga i den autonome regionen Andalucía sør i Spania. Han var ein fattig fiskelandsby fram til turismen vart utvikla i området seint i 1950-åra. Torremolinos var den første av feriestadane på Costa del Sol som vart utvikla. Han vart særs populær hos britiske turistar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne arkeologiske funn av menneske, vertkøy og keramikk heilt tilbake til 150 000 år sidan ved Torremolinos. Regionen har vore busett av tidlege sivilisasjonar som fønikarar, romarar og arabarar. Arabarane bygde mellom anna det 12 meter høge forsvarstårnet Torre de los Molinos.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Torremolinos history, arkivert frå originalen 23. februar 2009, henta 28. oktober 2009