Torsk
Torsk | |
![]() Torsk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av torsk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Torskefisk Gadiformes |
Familie: | Torskefamilien Gadidae |
Slekt: | Gadus |
Art: | Torsk G. morhua |
Vitskapleg namn | |
Gadus morhua |
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile norskekysten, det sørlege Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to artar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, også kalla skrei, og meir eller mindre stadbunden kysttorsk. Fiskenamnet er ei samandraging av 'tørrfisk' (norr. turskr av turrfiskr).
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Torsken kan bli opptil 150-200 cm lang og veg over 50 kg. Han har tre ryggfinnar, to gattfinnar og ein finne under munnen som minner litt om skjegg.
Fargen på fisken endrar seg med habitatet. I havområde med mykje algar får gjerne skinnet eit raud- eller grønskjær, medan fisk som lever nær botnen eller over sandbotn gjerne blir bleikgrå i fargen.
1: Lever |
Fiske[endre | endre wikiteksten]
Ein har drive torskefiske langs norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og allereie i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særleg til Spania og Italia. Denne handelen har gått føre seg i over tusen år utan brot, og er fortsatt viktig. Tørrfisken blir i første rekke produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei skjer ved byrjinga av kvart år.
Sidan 1970-talet har torskefisket vore regulert i Noreg for å avverja overfiske, men også før denne tida styrte Lofotloven aktiviteten på innersida av Lofoten.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Torsk» frå Wikipedia på bokmål, den 15. august 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wiktionary-definisjonen på torsk