Tory Island
| Tory Island Lokalt namn Oileán Thoraigh | |
|---|---|
Klipper på Tory Island sett frå Dún Bhaloir | |
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet, vest for Irland |
| Koordinatar | 55°16′N 08°13′W / 55.267°N 8.217°W |
| Høgaste punkt | Tor Mór |
| Administrasjon | |
| Land | Irland |
| Grevskap | County Donegal |
| Demografi | |
| Folketal | 170 |
Tory Island (irsk Oileán Thoraigh eller tidlegare Oileán Thúr Rí) er ei øy i Republikken Irland, om lag 14 km utanfor kysten av Donegal.
Øya er om lag 5 km lang og 1 km brei. Ho har 170 innbyggjarar fordelt på fire landsbyar— An Baile Thoir (East Town), An Baile Thiar (West Town), An Lár (Middletown) og Úrbaile (Newtown). Ho høyrer til Gaeltacht og ulster-irsk er hovudmålet på øya.
Sidan 1950-åra har eit lite samfunn med kunstnarar budd på øya, som har sitt eige kunstgalleri. Den engelske kunstnaren Derek Hill er forbunde med kunstsamfunnet på Tory.
I den oppdikta historia til Irland var Lebor Gabála Érenn på Tory Island staden der Conand sitt tårn stod, skansen til fomorianarane, før dei vart slått av nemedianarane i eit stort slag på øya. Den seinare fomoriske kongen Balor budde òg på øya. Balor tok Ethlinn til fange i eit tårn på toppen av Tor Mór (eller Túr Mór på gammalirsk), som tyder «Det høge tårnet».
Trass i at Tory Island er ei lita øy har ho mange historiske og mytologiske stader. Eit fyr bygd mellom 1828 og 1832 står på vestenden av øya. I april 1990 vart fyret automatisert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tory Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2007.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Hunter, J. 2006. The Waves of Tory. Colin-Smyth Ltd. ISBN 10 0 86140 456 4