Toten tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
██  Tidlegare Toten tingrett er markert med mørkegrønt.

Toten tingrett var ein førsteinstansdomstol på Gjøvik under Eidsivating lagdømme og omfatta kommunane Gjøvik, Vestre og Østre Toten. Frå 1. januar 2009 vart Toten tingrett og Hadeland og Land tingrett slått saman og bytta namn til Gjøvik tingrett.

Toten tingrett heit før den siste domstolsreformen Toten sorenskriveri. Dette var ei forenkling av Toten, Vardal og Biri sorenskriveri, som var det opphavlege namnet. Som det namnet seier, omfatta sorenskriveriet dei tre gamle prestegjelda Toten, Vardal og Biri, som altså svarar til dei tre noverande kommunane Gjøvik, Østre og Vestre Toten. Sorenskriveriet har sidan 1696 vore ei særs stabil administrativ eining, med berre små grensejusteringar. Dette står i kontrast til Toten fogderi, som opplevde mange geografiske omskiftingar. Mellom dei få grensejusteringane var overføringa av gardane Hol og Skomakarbekken i Feiring til Eidsvoll sorenskriveri i 1844/45.

Dei første sorenskrivarane budde på sine eigne gardar, men i 1813 vart Enge og delar av Underslaus ved den seinare tettstaden Kapp lagt ut til sorenskrivargard. Men truleg var det først sorenskrivar Erichsen (1853-1859) som budde på eigendommen. Over ein periode på 120 år var dette skrivargard, med fleire kjente personlegdomar som sorenskrivarar. Mellom anna budde Johan Castberg der i si tid som Toten-skrivar (1906-1924).

Bystyret i Gjøvik gjorde fleire forsøk på å få flytta sorenskrivarkontoret til byen, mellom anna i 1906, men først i 1972 lykkast dei. Då fekk sorenskrivariet nye lokale på Gjøvik, i den nyoppførte rutebilstasjonen i Strandgata 13. Desse lokala ligg ca. 300 meter sør for det nye tinghuset som er bygd i samband med samanslåinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gjørvad, O. (red.): Totens bygdebok II, Oslo 1953, s. 157 og 347-361.
  • Mollgard, Reidar: På fedres gamle veier. Gjøvik bys historie gjennom 100 år, s. 261.