Trøyttleiksbrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Allosaurus fragilis er kjent for å vere den dinosauren med flest trøyttleiksbrot ifølgje ein studie frå 2001

Trøyttleiksbrot, utmattingsbrot eller stressfraktur er eit trøyttleiksindusert knokkelbrot som skuldast residiverande stress over lengre tid.[1][2][3] I staden for å bryte etter eit kraftig støyt, oppstår trøyttleiksbrota etter oppsamla trauma frå gjentekne submaksimale påkjenningar, som til dømes springing og hopping. Som følgje av dette er trøyttleiksfrakturar vanlege belastningskadar hjå atletar.[4]

Trøyttleiksbrot kan skildrast som ørsmå sprekker eller «årringar» i knokkelen.[2][5] Dei oppstår oftast i vektberande knoklar, som til dømes skinnebeinet, mellomfoten og båtbeina. Trøyttleiksbrot i lårbeinet, bekkenet og korsbeinet kan førekoma, men er sjeldan.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schichtling, Erling (13. februar 2009). «tretthetsbrudd». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 Almar-Næss, Almar (14. februar 2009). «utmattingsbrudd». Store Norske Leksikon. Store Norske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  3. Reikerås, Olav (13. februar 2009). «stressfraktur». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  4. Behrens, Steve; Deren, Matson, Fadale, Monchik (Mars–April 2013). «Stress Fractures of the Pelvis and Legs in Athletes». Sports Health: A Multidisciplinary Approach 5 (2): 165–174. Henta 19. mai 2014.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  5. «Stress fractures - MayoClinic.com». Henta 23. desember 2007. 
  6. Martinez, John. «Stress Fractures». Medscape. Henta 20. mai 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.