Tracy Chapman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tracy Chapman
Tracy Chapman 3.jpg
Fødd30. mars 1964 (56 år)
FødestadCleveland
OpphavUSA
Aktiv1986–
Sjangeralternativ rock, USA-amerikansk folkemusikk, blues, soul, folkemusikk, pop, folkrock
Instrumentgitar, vokal, song
Stemmetypealt
PlateselskapElektra Records, Atlantic Records, Fast Folk
Verka somsinger-songwriter, songar, Gateartist, komponist, musikar, gitarist
PrisarGrammy Award for beste nye artist, BRIT Award for International Female Solo Artist, Ohio Women's Hall of Fame

Tracy Chapman (fødd 30. mars 1964) er ein amerikansk songar og låtskrivar, best kjent for singlane «Fast Car», «Talkin' Bout a Revolution», «Baby Can I Hold You» og «Give Me One Reason». Ho har vunne fleire Grammyprisar.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Chapman blei fødd i Cleveland i Ohio. Allereie som barn lærte ho å spela gitar og skreiv sine første songar. Etter å ha fått eit stipend studerte ho sosialantropologi og afrikanistikk, og spelte på same tid inn sine første demoer. Ein av medstudentane hennar hadde kontaktar i plateindustrien, og i 1987 fekk ho platekontrakt med Elektra Records.

Chapman skriv låtar med sparsam instrumentsbruk og tekstar med sosialkritisk innhald. Ho fekk eit gjennombrot då ho opptredde på Nelson Mandela 70th Birthday Tribute Concert i 1988 på Wembley Stadion i London. Då Stevie Wonder måtte avlysa sin opptreden gjekk ho spontant på scena for andre gong og spelte fleire songar frå debutalbumet sitt Tracy Chapman. Same året deltok ho på ein veldedighetsturné for Amnesty International saman med Peter Gabriel, Bruce Springsteen, Sting og Youssou N’Dour.

Tematisk tek songane hennar ofte for seg trøysteløysa i kvardagen, sosiale problem og skuggesidene ved «den amerikanske draumen».

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1988: Tracy Chapman
  • 1989: Crossroads
  • 1992: Matters Of The Heart
  • 1995: New Beginning
  • 2000: Telling Stories
  • 2001: The Collection
  • 2002: Let It Rain
  • 2005: Where You Live
  • 2008: Our Bright Future

Referansar[endre | endre wikiteksten]