USA-amerikansk folkemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

USA-amerikansk folkemusikk er eit musikalsk omgrep som omfattar fleire sjangrar, som tradisjonell musikk, tradisjonell folkemusikk, moderne folkemusikk eller roots-musikk. Roots-musikk er ein vid musikkategori som omfattar bluegrass, country, gospel, old time-musikk, jug band, appalachisk folkemusikk, blues, cajun og indiansk musikk. Musikken vert rekna som USA-amerikansk fordi han anten har oppstått i USA eller har vorte utvikla her frå musikk frå utlandet. Det vert kalla roots-musikk (roots tyder «røter» på norsk) fordi musikken danna grunnlaget for musikk som seinare vart utvikla i USA, som rock and roll, rhythm and blues og jazz.

Roots-musikk[endre | endre wikiteksten]

Mange roots-musikarar reknar ikkje seg sjølv som folkemusikarar. Hovudskilnaden mellom moderne USA-amerikansk folkemusikk og amerikansk «roots-musikk» er at roots-musikken er eit vidare omgrep som òg dekkjer blues og country.

Roots-musikk utvikla seg i flest varierte former dei første tre tiåra av 1900-talet. Den store depresjonen og Dust Bowl var ekstremt viktige spreie desse musikkstilane til resten av landet, som deltabluesmeistrane, omreisande honky tonk-songarar, og latino- og cajun-musikarar som flytta til byar som Chicago, Los Angeles og New York. Plateindustrien voks i same periode og var viktig for utviklinga av denne folkemusikken. Då det vart meir pengar involvert i platebransjen la det eit auka press på artistane, låtskrivarane og sjefane i plateselskapa om å gjenskape tidlegare hitsongar. Dette gjorde at musikk som var på moten, som hawaiisk gitar, aldri heilt forsvann, sidan ein nytta mange forskjellige rytmar, instrument og songstilar i dei forskjellige sjangrane.

I 1950-åra hadde alle former for roots-musikk ført fram til popaktige former. Folkemusikarar som Kingston Trio, pop-tejano og kubansk-amerikanske blandingar som boogaloo, chachacha og mambo, blues-avleidde rock and roll og rockabilly, pop-gospel, doo wop og R&B (seinare verdsleggjort som soul) og Nashville sound i country var alle med på å modernisere og utvide den musikalske paletten i landet.

Artistar og musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjende roots-musikarar er og var mellom andre Jelly Roll Morton, Blind Lemon Jefferson, Robert Johnson, Bob Dylan, Bessie Smith, Burl Ives, Pete Seeger, Woody Guthrie, Son House, Leadbelly, Hazel Dickens, Jimmie Rodgers (The Singing Brakeman), Bill Monroe, Lester Flatt og Earl Scruggs, Roy Acuff, Hank Williams, Merle Travis, Townes Van Zandt, Johnny Cash, Maggie Simpson, Mahalia Jackson, Muddy Waters, John Lee Hooker, B.B. King, Washington Phillips, Fiddlin' John Carson (1868–1949), Johnny Richardson, Willie Nelson og Jean Ritchie. Av nyare artistar som stundom eller heilt spelar roots-musikk finn ein Keb' Mo', Ralph Stanley, Jewel, John Denver, Chris Castle, Ricky Skaggs, Jeremy Fisher, Arlo Guthrie, Joan Baez, Kingston Trio og Peter, Paul & Mary.

Film og TV[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikken til O Brother, Where Art Thou? frå 2000 består berre av roots-musikk, framført av Alison Krauss, The Fairfield Four, Emmylou Harris, Norman Blake og andre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]