Hopp til innhald

Tralee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tralee
Trá Lí
by
Tralee tinghus.
Motto: Vis Unita Fortior – «Samla styrke er sterkare»
Land  Irland
Provins Munster
Grevskap County Kerry
Kart
Tralee
52°16′03″N 9°41′46″W / 52.2675°N 9.6962°W / 52.2675; -9.6962
Wikimedia Commons: Tralee

Tralee (irsk Trá Lí, «breidda av Lee») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Kerry og ligg sørvest på Irland. Byen ligg på nordsida av Dinglehalvøya og er den største byen i grevskapet med om lag 23 000 innbyggjarar med forstader.

Byen vart grunnlagd på 1200-talet og var hovudsete for jarlane av Desmond. Namnet Tralee kjem frå det irske Trá Lí, eller Trá Laoi, som tyder «breidda av Lee» Byen ligg ved eidet til Dinglehalvøya og har mange fasilitetar.

Grevskapet Kerry er populært som turistmål. Den vakre kysten med mange bukter og halvøyar og frodig vegetasjon trekkjer til seg mange av turistane som vitjar Irland. Tralee er eit godt utgangspunkt for turar til Dinglehalvøya og til den populære turistvegen «Ring of Kerry».

Byen er kjend frå den irske folkesongen «The Rose of Tralee» og den årlege internasjonale festivalen med same namn, der det blir halden ei venleikstevling for irske kvinner og utanlandske kvinner av irsk avstamming.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tralee