Hopp til innhald

Irsk folkemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankie Gavin og Martin O'Connor ved Trowbridge Folk Festival i 1985.
Altan opptrer ved Mardis de Plouescat i Bretagne i 2013.

Irsk folkemusikk er ein sjanger innan folkemusikken med opphav i irsk musikk. Sjangeren er kjend over heile verda, har påverka fleire andre musikkstilar og blir også spelt av ikkje-irske musikarar. Han er ei av få formar for folkemusikk har han halde på populariteten sin gjennom heile 1900-talet, ein periode der mange andre typar av tradisjonsmusikk blei erodert av det verdsomspennande tilbodet av popmusikk. På trass av emigrasjon og kontakt med musikk frå Storbritannia og USA har den irske folkemusikken halde fast på mange av dei tradisjonelle aspekta sine, og sjangeren har sjølv vore med på å påverka sjangrar som amerikansk folkemusikk, rock og punk-rock. Mange kunstnarar har fusjonert irske musikalske røter med andre musikalske påverknader og oppnådd brei suksess.

Irsk folkemusikk har vore prega av balladar og av motstand mot ulike herskarar og fiendar. Den irske nasjonalsongen «Amhrán na bhFiann» oppstod som ein opprørssong, og var utbreidd under den irske sjølvstendekrigen.[1] I 1951 blei det skipa eit selskap for irske musikarar, Comhaltas Ceoltóirí Éireann, som arrangerer tevlingar i tradisjonsmusikk og dans over heile Irland. Den all-irske tevling Fleadh Cheoil blir halden årleg. Det blir også halde liknande tevlingar utanfor Irland.[2]

Noko av styrken i irsk folkemusikk kan koma av at økonomien i landet var landbruksbasert lenger enn i mange andre europeiske land.  Musikken fornya seg også gjennom migrasjon til og frå USA. Her haddde The Clancy Brothers stor suksess i 1960-åra, noko som igjen gjorde irsk folkemusikk meir populær og respektabel heime i Irland, særleg gjennom musikkgrupper som The Dubliners og The Chieftains.

På 1970- og 1980-talet blei skiljet mellom tradisjonelle musikarar og rockemusikarar uklar, ettersom mange musikarar veksla mellom sjangrane i repertoara sine eller i særskilde nummer. Artistar som U2, The Corrs, Van Morrison, Sinéad O'Connor og The Pogues kan alle omtalast som musikarar som hentar noko av inspirasjonen sin frå den irske folkemusikken.

Samstundes har irsk folkemusikk framleis ein så stor popularitet at mange har prøvd å venda tilbake til røtene av sjangeren. Det finst òg nye grupper som held seg tett til den opphavlege lyden, som Gaelic Storm, Lúnasa, Kila og Solas. Andre folkemusikarar tek opphavleg musikk frå mange kulturar og lagar fusjons-folkemusikk. Som døme kan ein nemna Afro Celt Sound System og Loreena McKennitt.

Band frå Irland

[endre | endre wikiteksten]
  1. «The origins of Ireland's national anthem, Amhrán na bhFiann», IrishCentral.com (på engelsk), 12. desember 2023, henta 15. februar 2025 
  2. «Fleadh Cheoil: Belfast to host Irish music festival in 2026», BBC News (på engelsk), 8. mars 2025, henta 9. mars 2025 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Irsk folkemusikk
Commons har multimedium som gjeld: Irsk tradisjonsmusikk