Trans-ny-guineaspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trans-ny-guineaspråk
Vidare inndeling:
  • Delt inn i ei rekkje undergrupper
Tala i:  Papua Ny-Guinea
 Indonesia
Område: Ny-Guinea, De små Sundaøyer, Molukkene


Kart over de ulike undergruppene av trans-ny-guinea-språk

Trans-ny-guinea-språk er ei gruppe av språk som blir snakka på Ny-Guinea, dei små Sunda-øyene og Molukkane. Ein del forskarar meiner dei dannar ein språkfamilie. Inndelinga av familien er svært usikker, i og med at Ny-Guinea og dei kringliggande øyane kanskje er det området i verda med størst språkleg variasjon, og ein har ikkje studert alle språka godt nok. Det er difor heller ikkje semje om kor mange språk familien består av; nokre forskarar reknar med over 500, noko som gjer at trans-ny-guinea-språka kanskje kan reknast som den tredje største språkfamilien i verda når det gjeld talet på språk.

Trans-ny-guinea-språka vert delte inn i ei rekkje undergrupper, men det er ikkje avklart om alle desse verkeleg tilhøyrer familien. Alle trans-ny-guinea-språka er papuanske språk, ei ikkje-genetisk inndeling som omfattar alle språka i det vestlege Stillehavet som ikkje er korkje austronesiske eller australske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Pawley, Andrew (1998). «The Trans New Guinea Phylum hypothesis: A reassessment». I Jelle Miedema; Cecilia Odé; Rien A.C. Dam. Perspectives on the Bird's Head of Irian Jaya, Indonesia. Amsterdam: Rodopi. s. 655–90. ISBN 978-90-420-0644-7. OCLC 41025250. 
  • Pawley, Andrew (2005). «The chequered career of the Trans New Guinea hypothesis: recent research and its implications». I Andrew Pawley; Robert Attenborough; Robin Hide; Jack Golson. Papuan pasts: cultural, linguistic and biological histories of Papuan-speaking peoples. Canberra: Pacific Linguistics. s. 67–107. ISBN 0-85883-562-2. OCLC 67292782. 
  • Wurm, Stephen A., red. (1975). Papuan languages and the New Guinea linguistic scene: New Guinea area languages and language study 1. Canberra: Dept. of Linguistics, Research School of Pacific Studies, Australian National University. OCLC 37096514. Arkivert frå originalen 20. juni 2010. Henta 2. oktober 2017. 
Nettstader