Papuaspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Papuaspråk
Tala i: Indonesia og Papua Ny-Guinea
Område: Ny-Guinea

Area of Papuan languages.svg
Utbreiingsområdet til papuaspråk, markert med raudt. Lysebrunt syner til austronesiske språk og grått det historiskeu utbreiingsområdet til australske språk.

Papuaspråk er ei gruppe språk som blir brukt på øyar vest i Oseania, frå Molukkane og Timor i vest til Salomonøyane i aust. Gruppa omfattar rundt 1 200 språk, der dei fleste blir tala på Ny-Guinea. Gruppa omfattar språk som ikkje kan knytast til austronesiske eller australske språk. Dei er svært ulike, og kan delast inn i rundt 60 mindre språkfamiliar og fleire isolerte språk. Dei ulike språka kan ha alt frå nokre hundre til fleire tusen talarar.

Skiljet mellom papuaspråk og -folk til forskjell frå melanesiske blei først føreslått av forskaren Sidney Herbert Ray i 1892.

Wurm-klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Den mest utbreidde klassifiseringa av papuaspråka er utforma av Stephen Wurm. Mykje av klassifiseringa byggjer på ufullstendige data.

Klassifiseringa inneheld desse grupperingane, med omtrentleg tal språk i kvar:

To av dei isolerte språka er seinare blitt plasserte saman som

og tre nyoppdaga språk har blitt klassifisert som

Ross-klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Malcolm Ross bygde vidare på Wurm si klassifisering med vekt på pronomenlikskapar. Dette gav 23 språkfamiliar og 9-13 uklassifiserte eller isolerte språk. Nokre språk mangla data til å klassifiserast etter Ross sitt system.

Isolerte språk[endre | endre wikiteksten]

Sortert etter stad:

nord i Papuaprovinsen:

Sandaunprovinsen:

Sepik-elva:

  • Taiap (gapun), på ein stad som hadde vore ei kystøy rundt 4000 f.Kr.

Bismarck-øyene:

Andre[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare isolerte språk klassifisert av Ross:

Språk klassifisert som austronesiske:

Uklassifisert på grunn av manglande data:

Usher (2018)[endre | endre wikiteksten]

Språkfamiliar på Ny-Guinea ifølgje Timothy Usher

Timothy Usher hadde identifisert følgjande familiar i 2018:[1]

Papua-familiar lagt fram av Usher

Tambora og austpapuaspråk er ikkje tekne med, bortsett frå at yele er blitt identifisert som eit austronesisk språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Usher, Timothy. NewGuineaWorld.

Spire Denne språkartikkelen som har med Papua Ny-Guinea å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.