Transportøkonomisk institutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Transportøkonomisk institutt
Selskapsformstiftelse Sjå dette på Wikidata
Org.nr.959 056 773
Skipa1958
Bransjeforsking
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorOslo Sjå dette på Wikidata

Transportøkonomisk institutt (TØI) - Stiftinga Norsk senter for samferdselsforskning - er eit forskingsinstitutt lokalisert i CIENS i Oslo. Instituttet har som føremål å bringa fram og formidla forskingsbasert kunnskap om transport og samfunn til offentlege og private etatar, organisasjonar og verksemder.

Kring 70 forskarar mellom anna ingeniørar, sosiologar, økonomar, statsvitarar, geografar og psykologar som gjennomfører forskings- og utgreiiningsoppdrag innanfor område som trafikktryggleik, kollektivtransport, miljø, reisevanar, reiseliv, planlegging, avgjerdsprosessar, transportøkonomi og transportar i næringslivet.

Transportøkonomisk institutt vart oppretta i 1958, først som eit utval, og frå 1964 som eige institutt tilknytt Noregs Teknisk-Naturvitskapelege Forskingsråd, no integrert i Norges forskningsråd. Instituttet vart ei fristilt privat stifting i 1986.

Instituttet gjev ut fagtidsskriftet Samferdsel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]