Treak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Treak (uttalt med to stavingar, frå norrønt trehakl, 'motgift') er ein særeigen, lakrisaktig norsk søtsak laga av brunt sukker, fløyte og einebær. Han kan minna om fløytekaramell i tekstur, med mild smak av einebær.[1] Treak har ord på seg for å styrka immunforsvaret.[2]

«Treak» eller «treakel» kan også ganske enkelt visa til lakris.[3] Ordet treak kjem opphavleg frå gresk thēriaca (θηριακή), 'motgift',[4] og har kome til norsk gjennom låtysk.[5] Det er omtalt i bøkene om Kristin Lavransdatter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Høeg, Ove Harbo (1996). Eineren i norsk natur og tradisjon, Norsk skogbruksmuseum, s. 103–108
  2. Fjelstad, Sverre M. (1930-) (1999). På tur!. Oslo: Schibsted. s. 50. ISBN 8251617553. 
  3. treak i Norsk Ordbok
  4. «treacle, n.» OED Online. Oxford University Press, mars 2016.
  5. «treak» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]